FRYKTEN!
- på Rogaland teater
Måndag 6. september var vi på Rogaland teater og så teaterstykket ”Frykten”, som hadde premiere berre få dagar tidligare.
Handlinga er lagt til ei lita øy og ein liten landstad der fira politikarar frå sama partiet har samla seg for å gå gjennom eit program som dei vil skal forandra nasjonen. Handlinga går langt lengre enn om berre politikk, naturen spelar dei eit puss samtidig som karakterane tydleg har eigne problem.
Stykket har ein thriller- aktig sjanger, men ikkje heilt det sama som same sjanger på film. Musikken har mykje å sei for å få fram noko av det skumle og grøsser liknande. Frykta er i hovudsak ein masse med fuglar som samlar seg saman og opptrer unormalt.
I tillegg er det ein type frykt om at Samuel, som er statsminister, skal finne ut at dei som skal være trufaste mot han, kanskje ikkje er så trufaste som dei gjer seg ut for å være. Dei har nemleg begynt å tvila litt på statsministerens framgangsmåtar.
Dette teaterstykke er altså fylt med dramatikk, mykje høge røystar, springing opp og ned trapper og ut og inn dører, mystikk samt noko romantikk og kjærleik.
Nå har ikkje eg sett så mange teaterstykke, og teater er ikkje det som interesserar meg mest, men til tross for det var det ei ganske bra forestilling. Det var tydeleg lagt mykje vekt på rekvisittar og andre effektar. Stykket var bra satt saman og det var svært dyktige skodespelarar som gjennomførte karakteren sin på ein interessant måte.
Gode refleksjonar. Kanskje du kunne sagt litt om tema i stykket og i kva grad du opplever det som aktuelt
SvarSlett