Arne Garborgs dikt "Haugtussa" vart satt opp på Rogaland teater og hadde premiere 29. januar. I går var klassa vår for å sjå førestellinga.
Haugtussa handlar om den unge jenta Veslemøy, som kjenner seg noko utilpass her i verda. Veslemøy er synsk, og har evna til å sjå ting andre ikkje kan. Me følg Veslemøy og hennar utvikling i løpet av tre år. Blant anna opplev ho kjærleik, svik og kamp mot onde krefter i tillegg til at ho prøver å skapa seg identitet.
Rogaland teater hadde valt ei oppsetting av stykket med mykje dans og song. Det vart også brukt symbolikk, og det som gjekk igjen gjennom heile stykket var stolar. Dei vart brukt veldig mykje i byrjinga av førestellinga , men ikkje like mykje gjennom resten av stykket.
Før me såg teaterførestillinga hadde me hatt eit bra forarbeid, og det gjorde at samanhengen og handlinga i stykket vart lettare å forstå samt meir interessant.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar